Den halvstore smågjenta

Under hardaste corona-tidi, då dei stengde skulane, kom det ei halvstor smågjente til meg kvar dag etter dugurden med ei lærebok i natur- og samfunnsfag etter læreplanen av 2006. Venlege bilæte av natur og folk og dyr. Upplysande teikningar og kart. Tekst som flyt motstandslaust og lettfateleg fram etter planen. Her hadde pedagogen streva og sveitta under armane for å gjeva eleven innsyn i ei verd utan veldige påstandar, utan pinsle og daude, utan lått og leven, utan pest og plage, og den verdi finst ikkje.