Bokmagasinet rapporterer frå scener og arrangementslokale rundt om i landet.
Vi noterer
... at ei rekkje aktørar går saman om å arrangere Akerselva litteraturfestival i mai neste år. Men allereie i år blir det vorspiel, med programpostar på ulike stadar langs elva frå 10.– 22. oktober. Tema for vorspielet er klasse, arbeid og arbeidarhistorie. Alt er gratis, men du må melde deg på kvart einskild arrangement – og prøve så godt du kan å halde på vorspiel-rusen fram til festen neste år. ... at det digitale nynorskleksikonet Allkunne blir ein del av Store Norske Leksikon – eller rettare sagt: Samarbeidet ser ut til å innebere at SNL får forsyne seg med det dei måtte ynskje frå Allkunnes artikkelbuffé. Målet er at det gode innhaldet i Allkunne skal få betre lesartal, men også å auke nynorskdelen i SNL. Det siste er ei prisverdig, om enn også litt smålåten målsetjing for eit leksikon som ikkje akkurat fløymer over av nynorsk frå før. I alle fall er det ikkje lenger berre bokmålet som er målet i SNL – frå no av vil leksikonet ta heile målet i bruk.