Kumagisk

Kyrne eg vaks oppmed, var slekt. Om ikkje søstre, så i alle fall kumenningar. Uthaldande og uendeleg tolmodige. Gamle Litago vart tretten år og hadde blikk frå ei anna verd. Ho fintogg maten for siste gong og såg på meg med ein melankoli som oppstår, når ein etter tretten somrar i kløverenga, må uthalde like mange vintrar lenka til kjetting. Og kalvar som kom og vart borte. Det såre rautet og vridinga på hovudet når kalven vart dregen til eigen binge. Augo trilla ikkje rundt, men det kunne ho hatt god bruk for.