Ein Egyptisk domstol har måndag dømt fem kvinnelege påverkarar på sosiale medium til to års fengsel. Dei fem kvinnene er dømt for å ha brote offentleg moral, ifølge Al Jazeera. Dommen mot Haneen Hossam, Mowada Al-Adham og tre andre kom som følge av at dei la ut materiale på videodelings appen Tiktok. I tillegg til fengsel må kvinnene betale ei bot på 300.000 egyptiske pund, som svarar til drygt 170.000 norske kroner i dagens kurs, kvar.
Notert