Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Notert

Polen ut av avtale

FOTO: CZAREK SOKOLOWSKI, AP/NTB SCANPIX Czarek Sokolowski

Justisminister i Polen Zbigniew Ziobro annonserte laurdag at landet trekker seg frå Istanbul-konvensjonen. Polen ratifiserte konvensjonen som skal hindre vald mot kvinner i 2015, og begynner arbeidet med uttrekking på måndag, ifølge BBC. Justisministeren grunngjev avgjersla med at Istanbul-konvensjonen er «skadeleg», då det pålegg skular å lære born om kjønn. På spørsmål om kva betydning handlinga har for vald mot kvinner, svara ministeren at dei mange reformer Polen har gjennomført dei siste åra sikrar tilstrekkeleg vern for kvinner.