KAMP: Samanstøyt mellom Armenia og Aserbajdsjan har tatt livet av 18 menneske sidan 12. juli. Partane skuldar kvarandre i den mangeårige konflikten utan løysing.
– Eg lytta til utanriksministrane i Armenia og Aserbajdsjan på telefon på onsdag. Dei forplikta seg til å delta i fredsprosessen, og det er akkurat det me vil høyre, seier Toivo Klaar, EU sin spesialrepresentant for Sør-Kaukasus og krisa i Georgia på telefon til Klassekampen.