Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Notert

Nytt gisseldrama i Ukraina

FOTO: S. DOLZHENKO, AFP/NTB SCANPIX SERGEY DOLZHENKO

Aust i Ukraina tok ein væpna mann rømd frå arrest ein politidirektør som gissel torsdag, ifølge Al-Jazeera. Gisseldramaet hendte i byen Poltava, melder fungerande innanriksminister Anton Gerashchenko i Ukraina. Han melde på Facebook at «Forhandlingane går føre seg, med mål om å tvinge angriparen til å overgje seg til politiet utan å skade seg sjølv eller andre». Politiet prøva å arrestere mannen, som skal vere mistenkt for å ha kapra eit køyretøy, i det mannen tok fram ein granat som han truga å drepe ein av politifolka med, ifølge Gerashchenko.