Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Fly var ti sekund unna kollisjon

FORSVARET: Eit Hercules-fly var ti sekundar unna å kollidere med fjelløya Mosken i Lofoten under ei militærøving tidlegare i år. Berre marginar skilde hendinga frå ein katastrofe. Forsvarets Forum har fått tilgang til den forsvarsinterne rapporten om nestenulykka. – Hendinga var svært alvorleg. Marginane som skilde den frå ei katastrofal ulykke, var særs små. Dette gjer sterkt inntrykk på meg som sjef for Luftforsvaret, skriv Tonje Skinnarland i merknadene sine. Nestenulykka skjedde under øvinga Cold Response. Vêret og lysforholda var ifølgje rapporten så dårlege at det ikkje skal ha vore mogleg å oppdage Mosken visuelt på trygg avstand. ©NPK