Karsten Warholm er for tida landets største idrettsmann – best i verda på 400 m hekk, verdsmeister alt som 21-åring, i 2017. Han må omtalast. Namnet Warholm finst faktisk ute i Europa, men Varholmen her ligg i det røffe havstykket like nord om Stad. Var- inneheld truleg vard eller varde. I så fall dreiar det seg om ei steinsetjing på holmen, kanskje som underlag for bål; i dag står ei fyrlykt like ved. Vardar finst jo elles på mange toppar.
Sylfest Lomheim skriv om språk i Klassekampen kvar onsdag.