PÅ VENT: Sidan oktober har massive protestar i Chile pressa fram ei folkerøysting om ny grunnlov. Medan alt er sett på vent til hausten, mobiliserer no bevegelsen for å endre landet.
– Folk er svoltnare og fattigare enn nokosinne. Det finst ikkje jobb, det finst ikkje pengar. Eg trur ikkje livet i Chile blir det same etter korona, seier Elicer Maluenda på telefon frå Santiago i Chile.