POLITIVALD: Den politiske krisa i Bolivia i 2019 kosta 35 menneskeliv. No ropar sivilsamfunnet alarm, og kallar hendinga ein massakre utført av styresmaktene.
«Befolkninga i El Alto er frå det lågaste sjikta i samfunnet, dei har inga offentleg stemme. Massakren på dei 35 menneska var motivert av rasisme», skriv Emma Bolshia Bravo i ein e-post til Klassekampen.