Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Ved myrbekken

Eg sat ved utosen på Myrtjernet. Myr og turre furuhaugar kring heile tjernet, men nedetter den vesle siklebekken visste eg at det auka på med vokstrar. Fyrst dei kravlause, det var marimjelle og tettegras og tepperot, og kreklinglyng og blokkebær kledde steinane. Men det endra seg, det vart vier og or og bjørk i bekkjefaret, og stundom so tett at himmelen mest vart burte, og det laga seg attlatne rom med høgt gras, blomar og blad, det var sjauskjære, sløke, gullris og lusehatt.

Git: master, Env: production, Sanity: production