I eit samfunn der familieband og tillit er tynnslitne, må uventa omsorg styrkast.

Pussar opp brorskap

ALLTID ÅLEINE: Elin (Nicole Madeleine) under den gamle Barbie-dyna si. Det er lenge sidan ho opplevde vaksenomsorg. ALLE FOTO: FREEDOM FROM FEAR FILM

Mona Hoel gjev handverkarar og ungdom på skråplanet ein sjanse.

«Skal dere gå allerede?»

(Noreg, 2020)

Regi og manus: Mona Hoel

Med: Nicole Madeleine, Raymond Lorentzen, Mattias Cantzler, Cheila Steen, Aracelly Reinoso, Kjersti Holmen, Richard Kleven, Licha Umazabal

Lengde: 1 t. 23 min.

Mona Hoels comeback-film har ei lang og kronglete produksjonshistorie, men dramakomedien «Skal dere gå allerede?» blir likevel lansert i rett tid. I den forstand at mange no har behov for eit nedkjølande opphald i kinosal, både som botemiddel mot den brå sommarvarmen og som motvekt mot den aggresjonen og mistrua som har spreidd om seg under koronastenginga. Slik tittelen varslar, er «Skal dere gå allerede?» ein film som insisterer på raust og inkluderande fellesskap, heller enn å støyta folk frå seg i angst eller egoistisk sinne. Det er i det heile ein frynsete film som går mot tidsånda på mange sympatiske vis.

Gjennom to parallelle handlingar blir vi presenterte for tre unge menneske som med friskt mot, men mot dårlege odds, er i ferd med å etablera sjølvstendige vaksenliv med jobb og bustad i Gamlebyen i Oslo.

Ungjenta Elin (Nicole Madeleine) får hjelp av mora til å flytta inn i ei usett leilegheit, som faren nyleg har kjøpt. Det er ikkje uvanleg at velståande curlingforeldre skvisar barna sine inn på bustadmarknaden i hovudstaden med slike investeringar, men denne «gåva» har faren vorte pålagt av barnevernet å gje dottera.

Elin har ei kriminell tenåringsfortid som gradvis blir avdekt og som vaksensamfunnet, inkludert potensielle arbeidsgjevarar, møter med ei avvising som fører eit alvor til karikaturane. Både den fråverande faren (som vi berre høyrer i telefonen) og den sjølvopptekne mora (som vi nesten berre ser snakka i telefonen) augnar sjansen til å bli kvitt det rehabiliterte problembarnet med å plassera henne i eit eige husvære. Her er det mørkt, nedslite og spartansk. Det einaste det er nøgda av, er den «gusjegrøne» fargen på veggane.

Vi trur vi anar kor handlinga vil bera, når vi ser dei to unge målarane Raymond (Raymond Lorentzen) og Mattias (Mattias Cantzler) køyra inn i gatene der Elin no bur. Det umake paret (den sjefete bacon-elskaren Raymond og den smålåtne vegetarianaren Mattias) bur i den parkerte varebilen sin, midt blant mellomalderruinane. Dei gjev ikkje eit godt førsteinntrykk, så når Elin finn ein av dei handskrivne lappane, der målarane byr fram arbeidskrafta si, kjenner ein at filmen kan utvikla seg til både eit psykologisk mareritt og ein kald samtidssatire. Den overrumplande og anti-kyniske forteljinga tar ei heilt anna retning.

Forholdet mellom Elin, Raymond og Mattias utviklar seg raskt til ein venskap, som knapt kan seiast å vera realistisk jamvel innanfor komediesjangeren. Plottet vil truleg vera krevjande å godta både for handverkarar og dei som har hatt handverkarar i hus (jamfør antitesen «Norske byggeklosser»), men den bortimot naivistisk oppbyggjelege handlinga har andre føremål enn å representera konkrete livserfaringar. Dessutan fungerer dei lågoppløyste videobilda og ein (medviten) rufsete klipp som ein «realitetskompensasjon» for kvardagseventyret.

Mona Hoel har fleire gongar eksellert under «enkle» produksjonsvilkår, ikkje minst i dogmefilmen «Når nettene blir lange» (2000), men også i «Salto, salmiakk og kaffe» (2004). Den mikroskopisk budsjetterte ein-kvinneproduksjonen «Skal dere gå allerede?» har i særleg grad vorte styrt av ytre omstende, samstundes som han er eit prov på formidlingskrafta i verkeleg auteurfilm. Filmskaparen står ikkje berre for manus og regi, men har òg ansvar for foto og lys. Skodespelarane er dels Hoels eigne eks-filmstudentar. I dei mest dialogrike scenene fell amatørane gjennom, men dei tilfører også ein autentisitet, som kler prosjektet.

Heilprofesjonell er derimot den viktige og vel brukte musikken, komponert av Bendik Baksaas. Det er Kristoffer Eikrems saksofon vi høyrer, medan Cas står for dansemusikken i nokre nøkkelscener.

Opptaka vart gjorde for om lag 15 år sidan (difor dei gamle mobilane), før Mona Hoel vart sett ut av årelang sjukdom. No er ho tilbake, og i 2020 er den ferdigstilte filmen både ei feiring av ungdommeleg gateliv i Oslo på 00-talet og eit litt sårt flashback til formeksperiment frå åra rundt tusenårsskiftet. Sårt ikkje fordi filmen er litt merkt av tida, men meir på grunn av at «Skal dere gå allerede?» er ei påminning om kor konform hovudstraumen av norsk film er i dag.