Vingen-feltet i Bremanger har over 2200 helleristingar som er over 7000 år gamle. Bremanger kommune vil ha helleristingane på Unesco si verdsarvliste, melder NRK, men kommunen vil samstundes ha eit steinbrot i same landskap. Det reagerer arkeolog Trond Lødøen ved Universitetsmuseet i Bergen på. Han skildrar Vingen-feltet som «eit veldig urørt natur- og kulturlandskap», og er redd steinbrotet både vil øydeleggja utsynet, gje slamforureining og store støy- og støvmengder. GK
NOTERT:
Steinbrot eller verdsarv?
Notert