Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Eksemplarisk: Terje Halvorsen har skrive eit standardverk om den kommunistiske motstanden under krigen.

Raud og nasjonal

NOVEMBER 1944: Skipssabotasjeaksjonen til Pelle-gruppa ved verkstadene Aker og Nyland i Oslo. Seks tyske skip vart senka. FOTO: VIGMOSTAD & BJØRKE
Litteratur

Terje Halvorsen

Forfulgt, fordømt og fortiet. Historien om den kommunistiske motstanden i Norge 1940–1945.

Litteratur

Vigmostad & Bjørke 2020, 470 sider

Ved 75-årsjubileet for frigjeringa set historieprofessor Terje Halvorsen punktum for sitt livsprosjekt, med boka «Forfulgt, fordømt og fortiet», om den kommunistiske motstanden i Norge 1940–1945. Dette vil bli eit standardverk, for ingen kan hamle opp med Terje Halvorsen i kombinasjon av grundig arbeid gjennom lang tid og personleg engasjement om denne historia.