Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Hov og hår og blod

Eg spikkar (skjer) høvane på hesten Balder. Det er på høg tid. Høvane hadde teke til å verta lange og høge. Eg har nett gjort utav høgre bakhoven, og eg rettar ryggen og apar meg attende mot stallveggen so eg fær fråstand til å sjå korleis han står på foten. Eg er vel nøgd endå um eg kom til å gå eit grann for djupt i solen i tåi av hoven. Det kom litevetta blod som snøgt gav seg. Og eg kom i hug hovslagarsjersanten eg hadde hatt til lærar. Når det vart frisk hov laut me skjera berre tunne skivor, sa han, då vilde det ikkje verta større skaden um me kom ørlite for djupt. Ein støyt av takksemd på lette vengjer flyg snøgt gjennom bringa mi når eg tenkjer på hovslagarsjersanten og alt han lærde meg. Det er usturteleg med blod i ein hestehov dersom han vert stygt ska´ hoggen.