Diagnosen blei stilt for lenge sidan og er underskriven av mange. Det 20. hundreåret slutta to, eller tre gonger. Det kan til og med tidfestast når det hende. Tidsrommet som historikaren Eric Hobsbawm kalla Det korte hundreåret, starta i 1914 og gjekk over i historia med Sovjetsamveldets undergang i 1991. Kanskje kan vi seia at det fall i grus to år tidlegare, saman med Muren i Berlin den 9. november 1989.
Ulikskap
Thomas Piketty legg lite vekt på organisering nedanfrå, skriv Kjartan Fløgstad om «Capital and Ideology».