Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Asfalten sine michelangeloar

Eg elskar stein og steinarbeid. Det er ein eigen maskulin estetikk i det, reinsa for bullshit og føleri, samstundes som kurvene og strukturane i godt steinarbeid er både vare, sensitive og feminine. I godt steinarbeid er det gjort mogleg det du ikkje trudde var mogleg. Det stive, harde og uforsonlege har blitt forma av menneskelege krefter til noko heilt anna, som kan både nytast og brukast i generasjonar framover. Varige far etter gode folk!