Søppelfjordane

Den økonomiske himmelen er i ferd med å tåkeleggjas sidan petroleumsnæringa sakte, men sikkert vert fasa ut. Samstundes er evangelistane frå lakseoppdrett på offensiven. Vi skal redda stumpane ved å byggja fleire konsentrasjonsleirar for det som var salmo salar, den symjande atlanterhavslaksen. I dag står om lag 400 millionar av arten sperra inne i plastbur heilt opp til russegransa. Vi fôrar faktisk opp eit symjanda svin, med dei effektane det alt har hatt på helse og økologi. Fram mot 2050 varslar politikarar med Erna i front at vi skal femdobla talet på føretak.