Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Tar med FN-gjengen til Svalbard

UT PÅ KLIMATUR: Statsminister Erna Solberg (H) reiser på til Svalbard saman med kollegaer i FNs pådrivargruppe for berekraftsmåla.Besøket frå tysdag til onsdag har både frø og klima på agendaen. Tysdag blir det arrangert ein stor konferanse der representantar for rundt 30 genbankar frå heile verda samlast for å deponere frøprøver til det globale frøkvelvet på Svalbard. Frøkvelvet er allereie det største i verda og har så langt lagra meir enn ein million prøver. – Klimaendringar og ein dramatisk nedgang i artsmangfaldet gjer det viktigare enn nokosinne å verne den genetiske variasjonen blant matplantane i verda, seier Solberg i forkant av besøket. ©NPK