Ekstrem, kvardagsleg isolasjon
Velkjend: Kristian S. Hæggernes teiknar opp oppveksten til kvar og kvaranna skjønnånd.

Kristian S. Hæggernes
Vekstsesonger
Litteratur
Cappelen Damm 2020, 120 sider
Mange diktsamlingar dei siste åra er av typen «her er min oppvekst». Og her er ei bok om å veksa opp som gut på 1980-talet, med fotball og Bananarama og ishockeyfrisyre. Om å slutta med fotballen og finna sine eigne peilepunkt, med ny frisyre, indiemusikk av The Cure og intellektuelle bøker av Steinbeck og Camus. Men først og fremst er dette ei bok om sosial utanforskap. Om ikkje å klara å snakka med andre enn familien. Om å kjenna seg utanfor og åleine. Om å vera småfeit, med tiltakande mannebryst. Om å ikkje vera mobbeoffer, men like fullt gå rundt og vera redd for å stikka seg ut.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent