Nye tredemølletankar

Nyåret er godt i gang, og vi prøver kneskåler og anklar; dei held etter måten bra, sjølv om artrosesvarten helsar på av og til. Godt år! flirer han og knip eit par hakk over på innersida av kneet. Drit og dra, svarar eg og skrur tempoet på tredemølla sakte opp.