SKJØR: Våpenkvila Russland og Ukraina er samde om, kunne gjerne ha gått lengre, seier Ukrainas president.
Dei to presidentane Vladimir Putin og Volodymyr Zelenskyj vart måndag samde om å innføre våpenkvile i Aust-Ukraina innan året er omme.
Seks av ti EU-borgarar meiner medlemskap i unionen er bra for heimlandet, viser ei undersøking. Dei mest entusiastiske bur i Irland og Luxembourg, der 81 prosent seier EU er positivt. 42 prosent av britane og 37 prosent av tsjekkarar og italienarar seier at det er bra å vere EU-medlem.©NPK