Du kan bla til neste sideBla med piltastene
NavnVed vegs ende

Stridsmann i krig og fred

© FOTO: TERJE PEDERSEN/NTB SCANPIX Terje Pedersen

Ein kan overdrive bruken av ordet «legende», men det høver om krigsveteranen, historikaren, forfattaren og folkeopplysaren Ragnar Ulstein. Han døde tysdag, få månader før han ville fylt 100 år.

Sunnmøringen Ulstein var ein av dei få attlevande frå Linge-kompaniet, der han kom tidleg med og vart løytnant. Han tok del i dristige sabotasjeaksjonar på Vestlandet, før han vart instruktør for Milorg i Sogn og Fjordane mot slutten av krigen.

Han er høgt dekorert. Han var ein ung mann då freden kom, og han tok fatt på eit formidabelt livsverk for å dokumentere krigens ulike sider, med bandsterke bokverk om etterretningstenesta, englandsfarten og svensketrafikken, i tillegg til lokalhistorie og skjønnlitteratur.

Han arbeidde også som lærar og journalist, og vart heidra for sin innsats for menneske som bar med seg sår frå krigsåra, som krigsinvalidar og tidlegare krigsfangar.

Etter mykje fram og tilbake vart Ulstein statsstipendiat frå 1972, og kunne drive sitt store opplysingsprosjekt utan økonomisk otte. Han var nært knytt til Heimefrontmuseet, men som Gunnar Myklebust fortel i biografien «I krig og fred» (2017), var det også konfliktar rundt Ulstein og verket hans. Det gjaldt ikkje minst arbeidet om etterretningstenesta under okkupasjonen, der mange meinte seg spesielt kvalifiserte, kjenslene var sterke, og det er usemje om delar av Ulsteins historiske framstilling. Jens Chr. Hauge, som var blant landets mektigaste menn, forsøkte å påverke med metodar som førte til brot mellom Hauge og Ulstein.

Også i arbeidet om historia til grenselosane oppstod konfliktar med sentrale personar, som meinte dei eigde denne historia.

Djupe kunnskapar, sterke meiningar og stridslyst prega Ulstein til det siste. Så seint som i fjor haust var han 98 år gamal på barrikadane blant kritikarane av Marte Michelets bok «Hva visste Hjemmefronten»?

Han var ein mann av si tid.