Dag Solstads roman har vorte eit stykke outrert og leikent teater.
Centralteatret, Oslo
Etter romanen av Dag Solstad
Dramatisert av: Ole Johan Skjelbred.
Regi: Ole Johan Skjelbred.
Kostyme: Ane Ledang Aasheim.
Scenografi: Skjelbred/Aasheim.
Lysdesign: Rolf Christian Egseth.
Dramaturg: Ilene Sørbøe.
Med: Stine Fevik, Modou Bah, Andreas Stoltenberg Granerud, Eldar Skar, Ingvild Holthe Bygdnes.
Ein lift av den typen teknikarar brukar for å montere lys, er plassert på den opne scenen då vi kjem inn i rommet. Liften står stille, men scenen dreier og gjev inntrykk av at liften dansar omkring på scenen. Dette gjev assosiasjonar til det industrielle, til fabrikkmaskineriet sin evige runddans, eit passande bilete som peikar på korleis kommunismen romantiserer arbeidarsamfunnet.