Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Stenger asylleirar på øyane og erstatte dei med stengde leirar

Hellas vil etablere opptil fem lukka leirar for asylsøkarar på dei greske øyane, og samtidig stenge dei opne leirane, mellom anna Moria-leiren på Lesvos. Den konservative greske regjeringa har fleire gonger tidlegare varsla at ho vil stenge leirane på dei greske øyane, der det bur tre til fire gonger så mange flyktningar og migrantar som det er plass til.