Mann i mørk dress
Eit sterkt og personleg vitnemål om ein einsam kamp.

Trøndelag Teater i samarbeid med Nidaros Domkirke og Vår Frue menighet, Nidarosdomen
Av Wenche Strømdahl og Petra Bjørkhaug
Komponist og organist: Petra Bjørkhaug
Regi: Aslak Moe
Med: Wenche Strømdahl
Då atten år gamle Wenche Strømdahl kom heim frå eit år som utvekslingsstudent i USA, hadde ho tatt fag ho tidlegare ikkje ana eksisterte. Eitt av dei var drama, og det hadde vore skilsetjande for den unge jenta som i eit intervju med lokalavisa fortalde at nå skulle ho bli skodespelar. Nokre dagar seinare fekk ho eit brev frå forstandaren i frikyrkja ho var medlem av. I målande ordelag la han ut om kor skuffa han var, om at teateret var djevelens verk, at ho nå var fanga i den vondes garn og dømt til evig fortaping.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent