TØRT: Fleire titals skogbrannar rasar framleis i dei knusktørre skogområda aust i Australia. Stadig fleire blir tvinga til evakuering, mange for andre gong.
Dei mest intense brannane herjar i dei nordaustlege delstatane New South Wales, med storbyen Sidney, og Queensland. Sidan fredag har over 200 bustadhus vorte tatt av flammane i New South Wales. Her har kjøligare vêr letta situasjonen noko, men i Queensland var det i går full mobilisering mot minst 80 ulike brannstader.