Tua Forsström
Notater
Litteratur
Omsett av Gunnar Wærness
Cappelen Damm 2019, 52 sider
Tua Forsström skriv lyrikk som kjem snikande innpå deg. Det er noko pussig med dikta hennar, ein måte å halda seg til verda på som det er vanskeleg å setta fingeren på. Til dømes opnar eit av hennar mest kjende dikt slik som dette: «Etter å ha tilbragt en natt/ blant hester husker jeg hvor friskt// det luktet av amoniakk og/ smeltet snø.»