Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Sukk og skam

Det er krevjande for dei fleste av oss og finne kor sukk- og skam-nivået bør ligge om dagen. Kursarrangørane veit det. Særleg er pustekursa populære. Alle veit kva som skjer om du sluttar og puste. Eller pustar overflatisk for lenge. Pustar du rett, er det som å gå på kolsyre, gratis, og du har blåmåndagen i di gule ånd. Pustar du feil, til dømes i Sinsen-krysset, er det berre å lukke augo, mane fram lyden frå didjeridoo-kurset, sette magen i første gir og det ordnar det seg.