Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Leiketøyvåpen

I Stockholm er ei rettssak nyleg avslutta der tre politifolk stod tiltala, ein for «vållande till annans død». Dei tre politifolka vart frikjende. Eg er ikkje så oppteken av utfallet av dommen, meir av sjølve objektet – i overskrifta – som det unge drapsofferet leikte seg med. Saka handlar om korleis 21 år gamle Eric Torell, med Downs syndrom, vart drepen med tre skot i ryggen 2. august 2018. For kva kan ikkje skje dersom barn og unge ikkje forstår i tide at leikevåpen utforma slik at det ser ekte ut, blir oppfatta som det, som skytevåpen? Og i verste fall, som her, kan føre til at den som drep kanskje er utan skuld?