KNUSSEL: Stortingspresident Tone Trøen (H) retta ein peikefinger til dei folkevalde då Stortinget opna onsdag. – Vi risikerer å bli til ein fare for demokratiet viss vi ikkje klarer å vise både kvarandre og dei vi representerer, at det politiske arbeidet vårt er prega av respekt, sa Trøen i talen sin under opninga av det 164. stortinget. Den siste tida har regjeringspartia Venstre og Frp krangla om retorikk. Tysdag kravde Frp skriftleg votering då Abid Raja (V) skulle bli vald til visepresident i Stortinget. – Trua på dei demokratiske tradisjonane, dei demokratiske spelereglane og dei berande institusjonane kan sjå ut til å vere under angrep, åtvara stortingspresidenten.©NPK
Du kan bla til neste sideBla med piltastene