Å dra på kino er litt som å betale skatt. Ingen vil egentlig dele noe med noen andre, men det må et fellesskap til for å i det hele tatt få noe. Men den romantiske tanken om å bidra til en god opplevelse sammen, blir ødelagt av… andre mennesker.
Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Kufferten
I dagArne Horge, hovslagar
Godt ute i 30-åri tok framtidstru til å koma attende i folk, og riksstyret som Johan Nygaardsvold skipa i mars 1935 var med til å nøre vidare upp under både tru og von. Kårkjæringi i Uppistugo kjende denne nye tidi som eit mildt kjærteikn over ein skrukkut kjake, for utpå sumaren hadde ho attpå til fenge brev frå yngste son sin som hadde tenest nedanfyre, at mykje hadde stelt seg for honom, og no hadde han høve til å koma heim ei snøggvende, skreiv han. Morshjarta hennar fyltest til brestepunktet av glede og spaning. Med betre tider vart det kanhende noko av honom Albert med? Ho fortalde det til slekti og til grannane, og dimed visste heile bygdi at han Albert Uppistugo skulde koma heim.