VARSEL: Os kommune får hjelp frå advokat for å gå igjennom tilhøva på demensavdelingane på Luranetunet. Dei to tilsette har fått status som varslarar.
Klassekampen skreiv i førre veke om Irene Vågen og Helene Thuen ved ei demensavdeling på Luranetunet som skildra ei heildøgnsomsorg i krise. Dei to har skrive brev om tilhøva, og rådmannen i Os har bede om ei juridisk vurdering av det dei to skildrar. Advokaten konkluderer med at dei to bør få varslarstatus.