Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Snapshots: Ingvild Lothes sjølvdestruktive forteljar er forferdeleg irriterande - og innsiktsgjevande.

Blanda kjensler

ORIGINAL: Ingvild Lothe setter oss i kontakt med den verkelege verda. FOTO: MARIA GOSSÉ Maria GossÈ
Litteratur

Ingvild Lothe

Havfruehjerte

Litteratur

Kolon forlag 2019, 111 sider

Eg har nett sett HBO-serien «Patrick Melrose». I film og tv oppstår det ein identifikasjon med den som er mest i biletet i starten. Normalt er dette hovudpersonen. Og på grunn av dette vil det ta lang tid før ein merkar det dersom hovudpersonen ikkje er sympatisk. I HBO-serien blir dette utnytta til å skapa ei dobbel kjensle i publikum i den siste episoden, ei samtidig kjensle av medynk og irritasjon. Elles er det stort sett bare i det verkelege livet me får oppleva slike blanda kjensler.