Akkurat så folkeleg som ein folkekomedie skal vere.
Rabarbrateateret, Rabarbraparken Bakklandet
Av William Shakespeare.
Omsett av: Hans-Magnus Ystgaard. Regi: Øyvind Brandtzæg.
Komponist: Øyvind Jo Heimdal Eik. Koreografi: Tor Ivar Hagen.
Scenografi: Marie Löwendahl.
Kostyme: Jenny Hilmo Teig.
Med: Madeleine B. Nilsen, Vilde Søyland, Jon Vegard Hovdal, Marianne Meløy, Silje Botten, Eva Næss m.fl.
For tiande gong spelar Rabarbrateateret bakgardsteater på Bakklandet i Trondheim. To gongar har dei gjort stor suksess med komediar av William Shakespeare omsett til sparbumål. I år har dei fått Hans-Magnus Ystgaard til å omsetje, eller meir korrekt: gjendikte Shakespeares «Twelth Night or What You Will», også denne gongen til sparbudialekt.