

Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnentMitt første møte med Tom Egeland kan ha vore på Toms Hotel i Bergen i 1992. Det heitte faktisk det, dette hotellet, der ein gjeng journalistar, fotografar og redigerarar blei innlosjerte før oppstartinga av TV2. Vi skulle skrive tv-historie, ein ny fjernsynskanal skulle på lufta om nokre få månadar. Mange, som Tom Egeland, trur eg, hadde aldri laga ein einaste fjernsynsreportasje. Det hasta med opplæring. Ingen av oss som var med frå byrjinga av TV 2s historie har gløymt verken desse vekene med opplæring, gründerånda som rådde og kjensla av å vere med på noko viktig – eller Toms Hotel, der vi fekk servert saft og puffa ris til frukost, og som låg i åttande etasje over leilegheiter med menneske som såg ut som om dei var henta rett ut av persongalleriet i ein kriminalroman av Gunnar Staalesen, eit lite steinkast unna Varg Veums kontor.
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent