Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Av og til må mor bada åleine.

Å vaske seg rein frå livets eigen runestein

Båtane ut til øyane i Oslofjorden er fulle. Det er juni og snart fellesferie. Gradestokken syner 25 pluss. Båtane trafikkerer med ekstra avgangar, folk står tett i tett på dekk, eg går i land på Hovedøya. Mot svaberga spring eg bortover stigen, vrengjer kleda av, tek badedrakta på i ein fart. Det er tida og vegen no, likevel går eg sakte uti, til vatnet når meg til midten av magen.

Inger Bråtveits siste bok er romanen «Dette er også vatn» (2018).