Smuglarparadiset

338 kilo torskefilet freista tre tsjekkarar smugla med seg over finskegrensa siste dagen i mai. Nok eit døme på at somme turistfiskarar driv kriminalitet i stor stil. Så langt 4.532 kilo i år. Turistfiske har teke av etter tusenårsskiftet, utan at styresmaktene har grepe tydeleg inn. Noreg er eit framstegsvenleg land må vite, og fridom set ein høgt. Særleg gjeld det her NHO.