Med alle middel

Orson Welles døydde i 1985, 70 år gamal. Likevel har han i seinare tid vore aktuell med to filmar, spelefilmen «The Other Side of The Wind» og dokumentaren om innspelinga av denne, «They’ll Love Me When I’m Dead», med god hjelp av Netflix og Peter Bogdanovich. Dokumentaren er best, og minner oss, eller meg då, også på alle hans andre filmatiske eskapadar og medfølgjande excess.