Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Akkurat nå

Eit teikn på at ein byrjar å bli gamal, er at ein skriv tekstar om at ein byrjar å bli gamal. Gjerne tekstar som blir publisert på baksida i denne avisa. Så, når ein blir gamal på ordentleg, rykker ein opp (eller ned) til den spalta der nede til høgre, som av ein kjenning blir omtalt som plassen der «gamle folk skriv om at det er for høg lyd». Det får bli eit mål for framtida.