Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Viktor Orbáns parti Fidesz har bygd seg opp på kamp mot ytre fiendar. No må dei velje venner:

Ballen er hjå Orbán

MØTTE BEILER: Ungarns statsminister Viktor Orbán saman med Italias innanriksminister Matteo Salvini på grensa mellom Ungarn og Serbia kor dei møttest tidlegare i mai. Salvini vil ha Orbáns parti med i ein høgreradikal storkoalisjon i Europaparlamentet. FOTO: BALAZS SZECSODI, AP/NTB SCANPIX Balazs Szecsodi

YTRE HØGRE: Viktor Orbán har skodd seg på å blåse ungarsk innvandring ut av proporsjonar. No er EU fienden, og han vurderer samarbeid med ytre høgre i Europaparlamentet.

I opptakta til europaparlamentsvalet 23. til 26. mai har Ungarns statsminister Viktor Orbán hamna i eit politisk vegkryss. Etter mellom anna å ha gjennomført ein offentleg svertekampanje som hang ut EU og Europakommisjonens president Jean-Claude Juncker, vart Fidesz – Orbáns parti – suspendert frå si konservative partigruppe Det europeiske folkeparti (EPP) i Europaparlamentet.