Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Rettssaka mot Sekkingstad vil kaste nytt lys over langvarig strid.

Kampen for rettvis løn

FISK: I 1. mai-toget i Bergen 2018 markerte klubbleiar Krzysztof Jedlikowski og klubbmedlem Mariusz Czwornog kva dei meinte om Sekkingstad-eigaren Bård Sekkingstad.

I dag startar rettssaka mellom 46 tidlegare tilsette i lakseslakteriet Norse production og Sund Laksepakkeri/Sund Laks (SL). I søksmålet krev fire av dei 46 tilsetting i SL. Samtlege 46, som alle er organisert i Norsk Nærings- og Nytelsesmiddelarbeiderforbund (NNN), krev erstatning for tapt inntekt då dei etter konkursen i Norse production ikkje fekk arbeid i SL. SL tok over slaktinga av laks for milliardeksportøren Sekkingstad AS.