Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Tilla Valstad og Bjørnstjerne

Rundt hundreårsskiftet og nokre tiår framover var Hvalstaddalen i Asker samlingspunktet for radikale kunstnarar og målfolk i Noreg. Her vart grunnlaget for Det Norske Teatret lagt, og her samla det seg namngjetne folk rundt Tilla og Otto Valstad som Hulda og Arne Garborg, Olav Nygard, Kristofer Uppdal, Rasmus Løland, Marta og Rasmus Steinsvik, Ivar Mortenson Engund, Johan Bojer, Henrik Rytter, Edvard Drabeløs, Oskar Braaten og mange andre skodespelarar, målarar og forfattarar. Tilla skreiv bøker og var lærar og journalist og aktiv kvinnesakskvinne, og Otto var i hovudsak målar. I 1925 skreiv Tilla «Et år i Vaterland» om forholda for barn og ungdom på austkanten i Kristiania. Etter kvart tok dei imot sjukdomstruga austkantungdom i «Ut i sola-stua» i «kunstnerdalen» der Inga Bjørnson var vertinne.