Eg fylte seks det året eg lærte å sykla. Sykkelen var ei gåve. Han var rosa og kvit, ein klassisk jentesykkel. Eg likte han. Hjelmen var også rosa. Eg var stolt då støttehjula blei fjerna og eg klarte meg aleine. Sykkelen opna ei ny verd. Eg kunne bevega meg på ein ny måte, tråkka bortover vegen.
Du kan bla til neste sideBla med piltastene