Solaris hadde falt. Fiendens tropper hadde begynt sonderende angrep på Gemnos-stasjonen, som gikk i bane høyt over hodene deres. Esara kjente desperasjonen stige i takt med verkinga i armen. Lisan var ikke en liten jente lenger, men det var fortsatt tryggest å bære henne gjennom trengselen. Å miste hverandre her ville vært en katastrofe.
Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Uteliggjar
I dagArne Horge, hovslagar
Det er vår no med dagar fylde til randi av ljos, og med bleike stutte næter imillom. Men enno råkar det at eg ser ein mann framfyre meg, det er advent, det er seinhaust 2018. Han kjem gjennom gisten fjellskog, hentar seg fram frå bjørk til bjørk og går ut på myri og trør over ein liten attisa bekk. Det går godt. Markji er åldekt av snjø, men meir er det heller ikkje. Snjøen grånar av kveld. Han trør i eit blauthol og fell attover, vert liggjande, so sitjande, og karar seg til sist upp. Og denne mannen, det er eg.