Perspektiv

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn
Eg er eigentleg ei vaksen kvinne. Eg kan sy i knappar på kleda mine sjølv, eg har klart å lura banken til å gje meg bustadlån og eg har fargekoda excelark der eg fører opp hushaldningsbudsjettet mitt. Men på eit felt i livet kjem eg til kort: Når eg får dataproblem. Sluttar tastaturet å verka? Må eg logga meg på Skype på nytt, men har gløymt passordet? Har eine nettlesaren hengt seg opp? Då blir eg ein furten liten drittunge.
Allerede abonnent? Logg inn