Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Akkurat nå

Oslo har fått ein ny mathall. Som alltid i slike situasjonar taklar eg det ved å surmula i fem dagar over at hipsterane tek over byen min, før eg bestemmer meg for å sjekka ut faenskapen. Så der stod me då, eg og min kompis frå forstaden, og skoda utover tonnevis med folk som såg heilt like ut medan dei baksa rundt på små tallerkar med dyr mat gjennom altfor tronge benkerader.