I dag

Eg veit eitt som aldri døyr

Eg traff aldri oldefar min. Eg blei fødd for seint. Han er berre ord for meg. Far min derimot, han kjenner eg godt. Det er frå han eg har lært meg soga om farfar hans, Ingvald Amundsen. Han var ein fiskarbonde som underteikna breva sine til heradsstyret med Ing. Amundsen. Han håpa vel på at einkvan las han som ingeniør. Det kunne vel og hende at han stundom fekk ein effekt ut av dét, men han trong eigentleg ikkje slik vørdnad frå dei som sat på pengar og makt. Han hadde nok av mektig ætt i bygda der han vaks opp. Han gjekk i båt med dei og heldt verda mest for å vere kva han såg dér. Dei sigla ein gong åttringen tom for sjø i sju klørs vind, treiv ut alt dei skulle leve av, men redda samstundes livet mot sjølve havet! Såleis har det gått til at eg trur meg å vere av vande folk. Og enno snakkar eg berre om éin av mine fire oldefedrar. Dei andre tre veit eg mest ingenting om. Det finst ikkje forteljingar om dei. Orda fanst ein gong, men det har ikkje vore nokon til å fortelje.

Les hele Klassekampen på nett

Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.

Bli abonnent

Allerede abonnent?