
Ali Smith
Vinter
Litteratur
Oversatt av Merete Alfsen
Forlaget Oktober 2019, 284 sider
Etter haust følgjer vinter. Eller? Midt under ein mildt sagt anstrengande juledagslunsj med ei mor som verkar å ha hatt eit ørlite samanbrot, ei tante som mora ikkje har snakka med på tretti år, og ei kvinna som han har betalt for å late som om ho er sambuaren hans, fell Ali Smith-karakteren Art saman med følgjande ynskje: «Det han lengter etter […] er vinter, selve vinteren. Han lengter etter vinterens vesen, ikke denne grå, halvhjertede selvsamheten. Han lengter etter ordentlig vinter med snøkledde skoger, trær som står tydelige mot det hvite …»